
Overnatting på Myrland
Myrland ligg lett tilgjengeleg, samtidig litt utanfor allfarveg – og det er akkurat det som gjer staden til eit godt utgangspunkt for fjellturisme på eigne premissar.
Â
Vinterstid har du tilgang til over 100 km med preparerte skiløyper rett utanfor døra, og berre 5 minutt unna ligg snøsikre Hallingskarvet skisenter.
Â
Sommarstid opnar fjellet seg: ta deg til topps på Hallingskarvet, gå ned ville og vakre Aurlandsdalen, sjå Hivjufossen – eller ta ein tur over til Gurostølen og handle ost frå Rueslåtten ysteri, nyslått vinnar av oste-VM (2026).
Om Myrland
Myrland er opphavleg eit småbruk som har endra seg i takt med samfunnsutviklinga. På byrjinga av 1970-talet vart det etablert bensinstasjon her for å tena anleggstrafikk og etter kvart biltrafikken mellom aust og vest. Frå tidleg 1980-tal vart drifta utvida med kro, daglegvarebutikk og hytteutleige. Myrland var i vekst og fast drift fram til 2019.
Â
I dag er drifta nedskalert til sesongdrift og eit enklare tilbod. Men med den same gode fjellkjensla.
Praktisk info
Innsjekk
Utleiga pÃ¥ Myrland er i hovudsak sjølvbetent. NÃ¥r opphaldet er bekrefta i bookingsystemt vÃ¥rt, sender vi deg praktisk info med kode til dørlÃ¥s etc.Â
​
Du kan sjekke inn etter kl 15 på ankomstdagen. Utsjekk er normalt kl 11. Seinare utsjekk kan avtalast.
Parkering
Det er gratis parkering for gjestene våre.
​
Vi har dessverre ikkje opplegg for elbil-lading. Næraste ladestasjon er på Hagafoss (20 km)
​
Vi tilbyr ikkje utfartsparkering; det er stor parkeringsplass ved brøytestasjonen for korttidsparkering.
Lokalisering
Myrland ligg ved foten av Hallingskarvet, midt mellom Oslo og Bergen, langs FV 50 Hol - Aurland.Â
​
Avstandar:
Hallingskarvet skisenter - 5 km / 7 min
Fagerdalen støl - 30 km - 45 min
​
Geilo - 35 km / 35 min
Ã…l - 39 km / 40 min
Aurland - 70 km / 1 time 10 min
Flåm - 79 km / 1 time 20 min















